Lørdag 08.apr 2017 kl. 23:59

Tazano

Vossa Jazz / Park
Voss

Saksofonist Tor Yttredal og trommeslagar Stein Inge Brækhus har gjennom sine stillingar ved jazzutdanninga på Universitetet i Stavanger vore tilknytta eit samarbeidsprosjekt med Bagamoyo College of Arts i Tanzania. Slik vart dei kjent med John Mponda og Anania Ngoriga, to av dei fremste musikarane i Tanzania. Sistnemnde medverka på Bela Flecks Grammy-vinnande plate «Throw Down Your Heart» og har turnert med Fleck i USA. Pianist Jørn Øien vart med i TAZANO i høve debutkonserten under Maijazz 2010, der den danske trompetisten Palle Mikkelborg òg var med.
Det som byrja som eit forskingsprosjekt – eit djupdykk i afrikanske folkemusikktradisjonar – vart til eit fantastisk band som nyttar element frå desse tradisjonane i improvisasjon og eigne jazzkomposisjonar. «World jazz» på Vossa Jazz – gled dykk!

Anania Ngoliga – tommelpiano, vokal
Jørn Øien – tangentar
Tor Yttredal – saksofon
Stein Inge Brækhus – perkusjon
John Mponda – ngoma, trommer, vokal, seljefløyte

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev