Mandag 13. mar 2023 kl. 19:00

Signe Førre Kvartett – Fagert i Finnesloftet

Sogndal Kulturhus / Blaoboksen
Sogndal

Komponisten, vokalisten og kontrabassisten Signe Førre er eit ganske nytt og spennande namn. Me gler oss til å presentere ho og hennar svært dyktige musikarar for dykk. Signe er i ferd med å stake ut ei veldig interessant og lovande musikalsk karriere. Med seg på vegen har ho eit flott band med etterspurde musikarar med bakgrunn frå ei lang rekkje med band/artistar; The Real Ones, Sigrid Moldestad, Vamp, Ole Paus, Anne Grethe Preus, Karl Seglem, Bjørn Eidsvåg, Kvarts, Nils Økland for å nemne nokre få. Signe Førre vart i 2019 utfordra til å laga bestillingsverk til det unike Finnesloftet på Voss, ei utfordring ho tok på strak arm. Med materiale frå m.a. Noreg, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og med sterke inspirasjonar frå musikktradisjonane derfrå, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tek oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Her vert jazz og folkemusikk smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement, der Signe syng på både serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk m.m.

Besetning;
Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarer
Jo Asgeir Lie – trekkspill
Kåre Opheim – trommer, perkusjon

Stad: Blaoboxen, Sogndal Kulturhus
Dato og tid: Måndag 13. mars kl. 19:00

Billettpris;
Ordinær: kr. 250,-
Student / under 18 år: kr 180,-
Open Bar – 18 år leg plikt (born/ungdom under 18 år må vere i følgje av edruelege vaksne – fyll ut vergeskjema og ta med)

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev