Fredag 13. okt 2017 kl. 22:00

NEVER ON A SUNDAY med Ragnhild Furebotten – Jazz på Jølst 2017

Jølster Jazzklubb / Fjøsen
Jølster

Etter opningskonserten fredag 13. oktober inviterer vi til nok eit musikalsk hødgepunkt – når felespelaren Ragnhild Furebotten inntek scena på Fjøsen. Saman med seks av landets beste jazzblåsarar har Furebotten, kanskje mest kjend frå «Hekla Stålstrenga», gitt nytt liv til eigne melodiar og folkemusikalske skattar frå nord. Bandet tok publikum og pressa med storm då prosjektet «Never on a sunday» blei lansert i 2011. Spelemannspris blei det også! Etter ein pause på grunn av mammaperm blei gruppa endeleg samla igjen til Vossajazz i 2016 – og no er dei klar for Jazz på Jølst. Arrangementa til Helge Sunde frå Stryn og Geir Lysne omkrinsar det vakre og lidenskapelege spelet til Furebotten. Vi er veldig glad for å ha fått til eit samarbeid med Førdefestivalen/Folkjazzscena om denne konserten.

Ragnhild Furebotten – fele
Helge Sunde – trombonium og arrangement
Frode Nymo – saksofon
Atle Nymo – saksofon
Marius Haltli – trompet
Eckhard Baur – trompet Lars Andreas Haug – tuba

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev