Fredag 23. mar 2018 kl. 22:15

Mary Halvorson`s Code Girl

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Innan den nyskapande avantgarde-jazzen er gitarist Mary Halvorson eitt av dei aller heitaste namna. Den New York-baserte musikaren har sidan tidleg 2000-talet bidratt til å fornye gitaren sitt formspråk med sin halsbrekkande, virtuose og fantasifullt unike spelestil. Medrivande improvisasjon, musikalsk fridom og kompleks nytenking står sterkt i hennar musikkverd.

Halvorson har mellom anna spelt i banda til Anthony Braxton, Marc Ribot og Trevor Dunn, i tillegg til sine mangfaldige soloprosjekt. Til Vossa Jazz kjem ho med si nye gruppe Mary Halvorson’s Code Girl, som består av svært røynde og grensesprengande musikarar frå New York-scena.

«Jeg vil fortsette å hevde at Mary Halvorson er det beste som har skjedd gitarspillet på en stund», skreiv Arild Andersen i Aftenposten då han melde plata «Secret Keeper» i 2015. Ikkje berre ta han på ordet – kom og høyr sjølv!

Mary Halvorsen – gitar
Amirtha Kidambi – vokal
Ambrose Akinmusire – trompet
Michael Formanek – bass
Tomas Fujiwara – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev