Lørdag 13. okt 2018 kl. 22:00

LOW-FLY QUINTET

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Losen Records gler seg til å presentere denne kvintetten, som har base i Hamar-distriktet, for verda og for Jazz på Jølst sitt publikum. Kvintetten skriv leikne, sarte og rå originallåtar inspirerte av vokaljazzen frå første halvdel av 1900-talet. Bandet tolkar også kjende og ukjende låtar frå same epoke. Kvintetten har skapt eit musikalsk utrykk som gjev l…yttaren ei kjensle av å vere på ein dunkel, røykfylt jazzklubb i New Yorks bakgater. Med si spesielle besetning – vokal, cello, piano, kontrabass og trommer – har dei skapt eit heilt eige utrykk som sjarmerer, overraskar, muntrar opp og rører ved publikum.

Camilla Tømta – vokal
Siri Snortheim – cello
Uri Sala – kontrabass
Ole Gjøstøl – piano
Skjalg Lidsheim – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev