Onsdag 22.nov 2017 kl. 20:00

Karl Seglem Acoustic Quartet

/ Blaoboksen
Sogndal

«Nordic Balm representerer eit nytt høgdepunkt i historia til denne kvartetten. Mellom nærmast hymnisk nyting, elastisk fjøring og klarheit, blir resultatet ein vedunderleg balanse mellom kjærleik til melodilinjer på den eine sida og rom for improvisatorisk fridom på den andre» Jazzthetik (DE)

«For eit samspel, for ei gruppe, for ei plate!» fairaudio.de

«Når sofistikert musikk skal vere balsam for øyra, då er sjølvsagt musikken til Karl Seglem førstevalet. Det finst knapt nokon annan skandinavisk jazzartist som til dei grader dyrkar den lyriske tenorsaksofonklangen og dei inderlege komposisjonane i smeltepunktet mellom jazz, folkemusikk og verdsmusikk». Sound-and-image.de

«Musikarane kjenner kvarandre så godt at dei med kvar nye plate bringer meir lettheit og suverenitet inn i musikken. Avvekslande, med førsteklasses klang og arrangement som vitnar om årelangt samspel. At musikarane trives, høyrer ein i kvart sekund på dette fine jazzalbumet» HifiStars

«Komposisjonane er enkle og folkloristiske, men i bandet sitt samspel oppstår ei klar og logisk elv, som baner seg veg på til tider uventa veger. Med hjarteskjerande linjer som i «Lys i glaset», med gjentakande harmoniar («Helgheim» har stoff i seg til å bli ein klassikar!) og tranceskapande rytmar. Seglem er og blir Seglem. Og det er godt.» nordische-musik.de

«Stort sett rolege og repeterande klangar, lett melankoli eller drivande linjer som i «Fjordskimr», der det arkaiske meir eller mindre fusjonerer med TripHop» Jazz thing

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev