Fredag 23. mar 2018 kl. 22:00

Horse With No Name

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Kva skjer om ein foreiner futuristisk strupesong med suggererande, postapokalyptiske hesterytmar? Jo, då får ein sjølvsagt Horse With No Name – Noregs einaste strupesongband!

Bjørn Tomren er ein artist og underhaldar i verdsklasse – alle som har vore på konsert med polka-jodle-trekkspel-duoen Polkabjørn og Kleine Heine kan skrive under på det. Etter å ha perfeksjonert den edle jodlekunsten i over ti år innsåg Tomren at han måtte ha avveksling, for å ikkje verte gal. Han begynte i lære hjå den verdskjente strupesangkvartetten Huun-Huur-Tu, og har rukke å verte ein svært habil strupesongar. Han fekk med seg ein bronsehest (trøstepremie, ifølge han sjølv) heim frå VM i strupesong i den vekkgøymde russiske republikken Tuva i sommar.

Interessa for strupesong dyrkar Tomren i samspel med Hallvar Djupvik; ein vaskeekte, storslått operatenor tilknytta Den Norske Opera i Oslo, og Audun Humberset; framifrå trommeslagar med mastergrad i cubansk musikktradisjon som til dagleg er prosjektleiar hjå Vestnorsk Jazzsenter.

«Aust møter vest, taiga møter fjord, meningsfylde møter meiningslause og simulering møter falma kopi» – slik beskriv Tomren sjølv prosjektet. Det er ikkje anna å gjere enn å gle seg!

Bjørn Tomren – vokal, gitar, shrutiboks
Hallvar Djupvik – vokal, gitar
Audun Humberset – trommer

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev