Lørdag 13. okt 2018 kl. 20:00

Ensemble Denada, Torun Eriksen og Erlend Skomsvoll

Fosnavåg konserthus / Fosnavåg konserthus
Herøy

Denadas store kveld – skreiv Dagsavisen etter premiere-konserten på Kongsberg jazzfestival i fjor.

Det var også gjennomgangstonen blant publikum etterpå. Arrangør og musikalsk leiar Erlend Skomsvoll sender Torun Eriksen sine grasiøse popkomposisjonar på ein roadtrip frå Berlin til New Orleans med reisefølgje frå Ensemble Denada. Eit band som er blitt godt samspelt etter adskillige mil på kryss og tvers i verda dei siste 10 åra. ??Ensemble Denada, Torun Eriksen og Erlend Skomsvoll har funne både tonen, teksten og stilen. Premiera fann stad på Kongsberg jazzfestival i juli 2017, og fekk strålande ovasjonar frå publikum. «En vilje, inderlighet og energi som var gripende», skreiv Dagsavisen sin Roald Helgheim i sin anmeldelse. Sidan premiera har dei spelt frå Hemnesberget til Bremen, og laga ein 40 minutters TV-versjon av konserten i samarbeid med NRK 2 og Nasjonal jazzscene. Denne hausten er det dags for ein Noregs-turné som strekker seg frå Austlandet til Nord-Norge og tilbake.

Det kunstnarlege utgangspunktet er Torun Eriksen sitt album «Grand White Silk» med sine sofistikerte låtar og poetiske forteljingar. Resultatet er blitt eit uttrykk der elegant popestetikk boblar saman med vindskeiv euro-jazz og sørstats-dampande soul. Nokon assosierer med EST, andre høyrer norske folketonar eller jublar over deilige guilty pleasure-sekvensar med discogroove, soulriff og sousafon. Men jazz er det okke som, og arrangør Skomsvoll har satt av godt med plass i partitura til Ensemble Denada’s formidable instrumentalsolistar.

Medvirkande: Torun Eriksen (vokal, komponist og tekstforfatter), Erlend Skomsvoll (musikalsk leiar og arrangør),
Ensemble Denada: Frank Brodahl (trompet, piccolotrompet) Marius Haltli (trompet, kornett) Anders Eriksson (trompet, flygelhorn, althorn) Even Kruse Skatrud (trombone, basstrompet, susafon) Nils Andreas Granseth (trombone) Martin Myhre Olsen (altsaks) Børge-Are Halvorsen (altsaks, fløyter) Atle Nymo (tenorsaks, bassklarinett) Tina Lægreid Olsen (barytonsaks) Olga Konkova (piano) Jens Thoresen (gitar) Per Mathisen (bass) Håkon Mjåset Johansen (trommer)

Thor-Ivar Lund (lyd) Ensemble Denada blir dreve av Østnorsk jazzsenter med tilskudd frå Norsk kulturråd. Produksjonen er støtta av NOPA.

Foto: Kongsberg jazzfestival

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev