Lørdag 13. apr 2024 kl. 15:00

Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Siril Malmedal Hauge og Kjetil Mulelid har gjort seg til kjenne i det norske musikkmiljøet dei siste åra. Med aktiv turnering, spellemannsnominasjon og utgiving av fleire lovpriste album kvar for seg, har dei markert seg som ei tydeleg stemme i norsk musikkliv.

Dei to musikarane har jobba regelmessig saman dei siste 10 åra. Det er lett å høyra at det årelange samarbeidet dei to imellom har ført til ein heilt spesiell kjemi. Malmedal Hauge si klokkeklare stemme og Mulelid si luftige pianospeling passar kvarandre som fot i hose.
Duoen sitt album «Blues and Bells», som kom ut våren 2023, inneheld songar av Hauge og Mulelid, standardlåtar frå jazzrepertoaret og songar sunge av Bonnie Raitt, Nick Drake og Cocteau Twins. Eit veldig fint album, skriv fleire musikkmeldarar.

Malmedal Hauge har gjesta Stord Jazzklubb tidlegare, i 2021 saman med Jørn Simen Øverli. Det me fekk høyra frå denne vokalisten den gongen, gav absolutt meirsmak! Publikum kan sjå fram til å få oppleva Kjetil Mulelid for første gong på jazzscenen på Stord Hotell.

Siril Malmedal Hauge – vokal
Kjetil Mulelid – piano

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev