Torsdag 18. mar 2021 kl. 20:00

Signe Førre Kvartett : Fagert I Finnesloftet

Riksscenen / Riksscenen, Schouskvartalet
Oslo

Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre vart i 2019 utfordra til å lage tingingsverk til Finnesloftet på Voss, ei utfordring ho tok på strak arm.
Med materiale frå m.a. Noreg, Serbia, Makedonia, Bulgaria, og væpna med sterke inspirasjonar frå desse tradisjonane, komponerte og arrangerte ho ei musikalsk reise som tek oss gjennom ulike kulturar og tidsperiodar. Reisa fører oss inn i eit univers der jazz og folkemusikk frå dei ulike kulturane smeltar saman og får nytt liv – alt respektfullt framført på originalspråka til grunnmaterialet.
Saman med Jo Asgeir Lie på trekkspel, Kåre Opheim på perkusjon og Torbjørn Økland på trompet og ymse strengeinstrument, har Signe Førre videreutvikla verket, og no er dei klare til å syna fram musikken på ny!

Signe Førre – kontrabass, vokal
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer, perkusjon

Pris:
240/ 180 + bill. avg

Refusjonsgaranti: Du kan trygt forhåndskjøpe billetter til Riksscenen. Om et arrangement blir koronaavlyst, får du automatisk igjen pengene uten å måtte be om det.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev