Torsdag 30. jan 2020 kl. 19:00

Norvald Dahl – solo piano

Blåmann Records / Operahuset Nordfjord
Nordfjordeid

Norvald Dahl – «Flying High»
– Solo konsert med plateslepp

Vent deg ein suggererande time med blanding av jazz, folkemusikk, pop, og moderne klassisk når pianisten Norvald Dahl “går solo”. Med alt frå melodiøse improvisasjonar til tøffe klangar og folketonar, fyller Norvald Dahl rommet med god stemning.

Denne kvelden sit Dahl aleine ved det fabelaktige Fazioli-flygelet, men heilt aleine blir han ikkje sidan du som publikum sit tett på oppe på sjølve scenen. Der får du mellom anna høyre låtar frå den ferske plata Flying High, som er spelt inn i Fosnavåg konserthus med moderne romklangteknologi. Under konserten i Operahuset Nordfjord vil du få høyre eigenkomponert materiale frå plata, og kanskje kjende melodiar i eigne arrangement

Dette seier den amerikanske jazzmusikaren Jonathan Kreisberg om Flying High:

«Norvald Dahl has recorded a set of beautiful and highly personal piano improvisations. At times, the crystalline and patient statements sound like they could be an homage to the unique meeting of mountains and sea that takes place in his native region of Møre og Romsdal, Norway. Fans of creative solo piano and audiophile recordings will surely add this to their list of favorites».

Dei siste åra har sunnmøringen tatt mastergrad i jazz-improvisasjon ved Norges Musikkhøyskole i Oslo, og før det arbeidde han som pianist og pianopedagog i Bergen i om lag ti år. Han har leia ei rekkje musikalske prosjekt både nasjonalt og internasjonalt, og han er mykje nytta som freelancer.

«Flying High» er den andre plata han har spelt inn som del av masterstudiet på musikkhøgskulen. På den første innspelinga hadde han med seg den amerikanske saksofonisten Jon Irabagon og bassist Mats Eilertsen og det førte til albumet «Organic Chamber». Denne kammerjazz-plata fekk fine kritikkar i pressa:

“This album is a treasure chest of musical gems, which can be discovered anew with each consecutive listening session.» («The Soundtrack of my life», by Adam Baruch – 2018)

«Tøft og annerledes! (…) Norvald Dahl byr på noe helt eget», omtale av kritikar Tor Hammerø.

www.norvalddahl.com

kr 250,- kr 150 for student/ barn
CD kr 100,- (one time spesialpris)
Eitt sett på vel ein time.
Billettane er unummererte.

Denne turnéen er støtta av Creo og Norsk Jazzforum.

TURNÉ
30.12 Fosnavåg Konserthus
16.01 Molde- Salen
18.01 Bergen- Korskirken
23.01 Stavanger- Spor5
26.01 Oslo- Sagene Kirke
30.01 Operahuset Nordfjord

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev