Konsertkalender

«»
juni 2017
MTOTFLS
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Susanna, Tingingsverket

18:00 8.april, 2017 | Vossa Jazz | Park, Vossasalen | Voss, Vestnorge

Susanna er ein av landets mest spanande musikarar. Diskografien hennar er ei skattekiste av sjangeroverskridande musikalske uttrykk og interessante samarbeid. Anten ho tolkar Gunvor Hofmo i alternativ rock-drakt (Jeg vil hjem til menneskene 2011), utforskar mørk, kontemporær jazz saman med Jenny Hval (Meshes of Voice 2014) eller covrar Kiss, Joy Division, Dylan og Cohen saman med Morten Qvenild (Susanna and the Magical Orchestra – Melody Mountain 2006) – det ho lagar held alltid skyhøg kvalitet og viser ei eineståande kunstnarleg tyngd og evne til musikalsk fordjuping.

Kampen mellom lyset og mørket, den indre konflikten og søken etter sanninga er tema som inspirerer og engasjerer Susanna. I Garden of Earthly Delights vil ho bruka den nederlandske målaren Hieronymos Bosch (1450-1516) sine bilete og titlar som utgangspunkt for vidare utforsking av desse emna. Bosch skildra mennesket sine val mellom lyst, synd og freistingar på veg mot evig fordømming i bilete fulle av mystiske detaljar og fantasifulle skrekkelement, og vart ein viktig inspirasjonskjelde for surrealistane på 1900-talet.

Susanna seier til Vossa Jazz:

«Det er en stor ære å få lage neste års Tingingsverk til Vossa Jazz – oppdraget er en institusjon i norsk kulturliv, og en svært viktig synliggjøring av forskjellige kunstneres arbeid. Jeg vet ikke eksakt hva publikum vil få oppleve neste år, og det er noe av det som er så spennende med å få muligheten til å skape noe nytt. Jeg har satt sammen en helt ny besetning til Tingingsverket, dette gjelder både instrumentasjon og personer: Veldig dyktige musikere som jeg gleder meg til å spille med.»

Susanna – komponist, vokal, flygel, elektronikk
Ida Løvli Hidle – akkordeon
Natali A. Garner – vokal, elektronikk
Stina Moltu Marklund – vokal, elektronikk, gitar
Ina Sagstuen – vokal, elektronikk, keyboard
Kristina Ringvold – lyddesign
Silje Grimstad – lysdesign

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode