Konsertkalender

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Sondre Lerche

21:00 8.april, 2017 | Vossa Jazz | Park | Voss, Vestnorge

Sondre Lerche er ein av desse sjeldne musikarane som alltid er fullt og heilt seg sjølv. Han har eit distinkt særpreg, fordi personlegheiten hans skin gjennom musikken han lagar. Han har ein fantastisk energi, og ein utruleg teft for den gode melodien og det fengjande refrenget. Sidan han debuterte som 19-åring med suksessalbumet Faces Down har han jamnleg kome med album som har stadfesta posisjonen hans som ein av Noregs viktigaste pop-artistar. Den nyaste singelen hans, «I’m Always Watching You», er ein leiken og fengjande song om kjærleik og sosiale medier – ei catchy pop-perle i moderne Whitney Houston-møter-Prince-stil.
Lerche gler seg stort til konserten på Vossa Jazz, fordi han då får ein mogleheit til å «jazza opp» settet sitt litt meir enn vanleg. Det er eit preg av jazz og improvisasjon i melodiane til Lerche – i dei voldsame krumspringa, og det leikne forholdet til rytme og akkordar. Sondre Lerche har vore ein av Noregs viktigaste artistar gjennom ei årrekkje, og me gler oss til å sjå det fantastiske live-showet hans på Vossa Jazz!

Sondre Lerche – vokal, gitar
David Heilman – trommer
Alexander von Mehren – tangentar
Chris Holm – bass

www.sondrelerche.com

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode