Konsertkalender

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

JOHN SCOFIELD

21:00 31.mars, 2017 | Bergen Jazzforum i samarbeid med Vestnorsk Jazzsenter | Sardinen Usf | Bergen, Vestnorge

COUNTRY FOR OLD MEN

JOHN SCOFIELD gitar SULLIVAN FORTNER orgel, piano VINCENTE ARCHER bass BILL STEWART trommer

John Scofield blir berre kulare dess eldre han blir. Sound og stil gjer han lett attkjennande, og den melodiske tilnærminga, saman med ein utenomjordisk teknikk, har gjeve han eit publikum langt utanfor jazzkyrkjelyden. Frå samspel med Miles og Mingus til Medeski, Martin & Wood – Scofield har ei karriere som spenner over fleire tiår, og lista over innspelingar står støtt i nyare musikkhistorie. For snart 15 år sidan var han på Verftet med Überjam-prosjektet sitt, noko som fekk ein stappfull sal til å dansa – denne gongen tar han eit Scofieldsk djupdykk i den amerikanske countrytradisjonen, noko som kler både musikken og gitaristen. Ver budd på Shania Twain, Hank Williams og Dolly Parton(!) med jazzbunad på.

«…not only does Scofield—playing better than he ever has—have plenty of surprises still up his sleeve, but that he may well be moving in a direction where the myriad of music he loves is now all fair game, all while still remaining firmly in the jazz sphere.» (AllAboutJazz.com)

Fotograf: Nick Suttle

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode