Lørdag 25. mar 2017 kl. 21:00

I.P.A. på Bømlo

/ Bømlo kulturhus
Bømlo

Ein kulturhistorisk sensasjon på Bømlo!

Norsk-svenske I.P.A. er kjende for akustisk energi, inspirert samspel og sterke melodiar miksa med meir ope materiale. Dei er tungt influerte av 60-talets Ornette Coleman og Don Cherry, men har i høgste grad utvikla eit eige uttrykk.

Bandet består av fem eksepsjonelle musikarar som alle har mykje på hjerta og mykje å by på musikalsk. Bandet har fire utgjevingar bak seg. Det siste albumet, «I Just Did Say Something», kom ut i juni i fjor og er eit sant meisterverk. Likefullt, dette ensemblet bør aller helst opplevast live.

Atle Nymo – saksofon, bassklarinett
Magnus Broo – trompet
Mattias Ståhl – vibrafon
Ingebrigt Håker Flaten – kontrabass
Håkon Mjåseth Johansen – trommer

Meir om I.P.A. på Atle Nymo si heimeside: http://www.atlenymo.com/i-p-a/

Arrangementet er støtta av: Kulturrådet og Vestnorsk Jazzsenter/Den musikalske stamvegen

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev