Torsdag 13. okt 2016 kl. 20:00

Hilde Marie Holsen – tjuvstart Jazz på Jølst 2016

Jølster Jazzklubb / Løa Jølstraholmen
Jølster

HILDE MARIE HOLSEN

Frå Jølster kjem til årets Jazz på Jølst for å spele på heimebane. Ho spelar trompet og utforskar samspelet mellom trompet og elektronikk i improviserte lydlandskap. Her står dei akustiske og elektroniske lydane i kontrast til kvarandre, med melankolske klangar og melodiske tema. Musikken kan opplevast både var, skjør og litt skakk, men også kraftig og dynamisk.

Våren 2015 sleppte Holsen debutalbumet Ask på plateselskapet Hubro. Det har vekt mykje merksemd i internasjonal musikkpresse – med kritikkar frå mellom anna The Guardian, The Wire og The Quietus. Plata vart òg nemnd som eitt av høgdepunkta frå 2015 i «Jazzklubben» på NRK P2.

I løpet av året spelte ho mellom anna på festivalane Only Connect, Punkt og Ultima, og turnerte i Europa med konsertar i m.a. Italia, Storbritannia, Luxembourg og Tyskland.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev