Fredag 14. okt 2016 kl. 20:00

Grieg, Tveitt & I – Jazz på Jølst 2016

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

DAG ARNESEN TRIO – med lokale strykarar

DAG ARNESEN TRIO kjem til Jølster med konserten kalla «Grieg, Tveit & I». Ved flygelet sit han som med tre album kledde sine barnlege Grieg-minne i jazzdrakt og la folk for sine føter.

Grooven er der frå første tone, og rytmeseksjonen er forsterka med fire strykarar i nydeleg arrangement. Truleg får vi høyre både «Morgenstemning», Grieg-songen over alle, «Våren», og «Håvard Hedde», for dette høvet i lett sambatakt.

Om bruken av ein strykekvartett attåt bass og trommer seier Arnesen at det er noko han har drøymt om lenge.

Dag Arnesen – piano

Ole Marius Sandberg – bass

Ivar Thormodsæter – trommer

Strykarar frå Flora kulturskule:

Anna Michalska – fiolin (lærar)

Sanja Dukanac – cello (lærar)

Rønnaug O.I. Moen – bratsj

Annina Lea Schenker – fiolin

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev