Konsertkalender

«»
august 2017
MTOTFLS
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Tilbake til konsertkalenderen >

 

Legg til arrangement >

Grete Skarpeid og Aruàn Otiz

14:00 8.april, 2017 | Vossa Jazz | Osasalen | Voss, Vestnorge

Nokre gongar overgår røynda eventyra. Etter ein konsert med Don Byron Quartet på Voss Jazzklubb kom musikkterapeut Grete Skarpeid i prat med den kubansk-amerikanske stjernepianisten Aruán Ortiz. Han fekk høyra nokre enkle demoar på telefonen hennar, og det endte med at han inviterte ho til New York for å spele inn plata My Songs (2016), utgjeven på det tyske plateselskapet Bauer Studios.

Grete Skarpeid er inspirert av jazz, visesong og folkemusikk, og Aruan Ortiz vert rekna å vera mellom dei viktigaste jazzpianistane i sin generasjon: Han speler blant andre med namn som Esperanza Spalding, Wallace Rooney, Cameron Brown og Afrohorn. Saman byggjer dei bru over ulike kontinent, tradisjonar og sjangrar, og skapar eit unikt musikalsk uttrykk i møtet mellom to verder.

Grete Skarpeid – vokal
Aruan Ortiz – piano
Jo Asgeir Lie – akkordeon
Kenneth Ekornes – perkusjon

www.greteskarpeid.no
www.aruan-ortiz.com

Tilbake til toppen

Design og kode | Dekode