Søndag 24. mar 2013 kl. 16:00

Solfrid Molland Trio og Ionut Guluna

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

ongar, pianist og komponist Solfrid Molland vaks opp med russisk folkemusikk, sigøynermusikk, og vestleg kunstmusikk – noko ein høyrer godt igjen i både konsertar og komposisjonar.

Som gatemusikant rundtom i Europa lærte ho sigøynersongar av romfolket og komponerte musikk til ulike katedralar, noko som resulterte i prosjektet «Katedral for tapte drømmer». Musikken blei gitt ut av Kirkelig Kulturverksted i 2011. Her set Solfrid Molland Trio eit musikalsk og poetisk søkelys på den europeiske kulturarven og romfolket, Europa sin største minoritet.

Saman med jazzmusikarane Hayden Powell og Jo Skaansar har fo funne eit eige tonespråk i skjæringspunktet mellom europeisk folkemusikk og kunstmusikk bunde i saman av improvisasjon. Trioen har saman med den rumenske songaren Ionut Guluna skapt ein stemningsfull og sterk konsert.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev