Lørdag 23. mar 2013 kl. 21:00

Østergaard Art Quartet med Per Jørgensen

Vossa Jazz / Fraktgodsen
Voss
Fire artistar frå tre land skapar ein musikalsk heilskap!

Bandleiar Michala Østergaard-Nielsen har med seg sin danske landsmann Kasper Tranberg og norske trompetist-motstykke Per Jørgensen akkompagnert av Marc Ducret frå Frankrike på gitar.

Per Jørgensen kjenner vel dei fleste, og med fjorårets overraskingsopningskonsert med Jøkleba er det berre å gle seg til denne internasjonale festen av ein jazzkonsert. Det heile vert skildra som eit intensivt og knivskarpt kjærleiksmøte – midt i mellom Europas motorvegar og den nordiske tundra. Dei har spela saman og turnert innland og utland sidan 2009, og fyrsteplata ”Stories from the Village” vart sleppt våren 2011. Vent deg dissonans og råe grooves innpakka i eit nærast romantisk klangbilde – servert av fire høgst samspelte og dyktige musikarar.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev