Lørdag 23. mar 2013 kl. 23:00

Free Moby Dick

Vossa Jazz / Fraktgodsen
Voss
Dette er moroprosjektet til Stefan Pasborg, eit prosjekt som blei til basert på Pasborg sin sans for Black Sabbath, Led Zeppelin og The White Stripes.

Med seg for å formidla dei improviserte rocka riffa fekk han to unike saksofonspelarar, Innanen og Mockunas, og ein av hans favorittbassistar gjennom tidene, Nicolai Munch-Hansen. Dette er vill speleglede og virtuos avantgarde med rocken som tydeleg bakteppe. Pasborg framførte ”Free Moby Dick” for fyrste gong i København i 2011 med dogmaet at alt materialet skulle vera basert på rock’n’roll. Len deg tilbake og sjå om du klarar snappa opp Rolling Stones, Tom Waits og Elvis Presley oppi alle dei musikalske bukkespranga. Set rockekvalen fri!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev