Fredag 22. mar 2013 kl. 23:59

Elephant9 med Reine Fiske

Vossa Jazz / Park
Voss
Elephant9 med Reine Fiske. For eit band!

Om du har sansen for hardtslåande tung-jazz og ikkje synst det er altfor flaut å innrømma at du likar prog-rock, så kan du merka deg fredag 22. mars fyrst som sist. Elephant9 har gitt ut tre plater som trio og no på siste utgjevinga ”Live At The BBC”, har dei utvida til kvartett med den svenske stjernegitaristen frå mellom anna Dungen, Reine Fiske.

Tidlegare plater har vorte omtala som ”fabulous debut also sourcing 60s and 70s psych/cosmic rock” (Uncut) og “a groove-laden, locomotive powerhouse” (Jazzman). Med klare referansar til syttitals-Miles Davis og Deep Purple, held Elephant9 seg i eit landskap like mykje forma av rock som av jazz, og andre vegen. Med den Rypdal-inspirerte Fiske på gitar og Rypdal-keyboardist Storløkken som ein av hovudmennene, kan me nok trygt venta oss godsaker i den leia!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev