Søndag 25. mar 2018 kl. 18:45

Youn Sun Nah

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Den sør-koreanske jazzvokalisten Youn Sun Nah vaks opp i Seoul i musikalske omgjevnader. Faren var orkesterdirigent og mora musikalskodespelar. Ho lærte tidleg å spele piano, og vart seinare bergteken av den franske chanson-tradisjonen, i den grad at ho flytta til Paris for å fordjupe seg i emnet. Her byrja for alvor den musikalske utviklinga til Youn Sun Nah, og etter nokre år steig ho til ei lysande stjerne på den internasjonale jazzhimmelen, der ho framleis blinkar klårt idag.

Sisteplata hennar, «She Moves On» (2017), inneheld jazza versjonar av låtar av artistar som Lou Reed, Paul Simon, Joni Mitchell og Jimi Hendrix, elegant framført med tydeleg preg av fransk chanson og kontemporær jazz ispedd tradisjonelle element. Blant backingmusikarane finn ein namn som Jamie Saft og Marc Ribot.

Til Vossa Jazz tek ho med seg eit eineståande band, beståande av den fransk-tyske pianisten Frank Woeste (Ibrahim Maalouf, Dave Douglas), bassist Brad Christopher Jones (Ornette Coleman, Elvis Costello, Elvin Jones, David Byrne), Dan Rieser (Norah Jones, Madeleine Peyroux) og multiinstrumentalist Tomek Miernowski.

Youn Sun Nah – vokal
Frank Woeste – piano
Brad Christopher Jones – bass
Dan Rieser – trommer
Tomek Miernowski – diverse

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev