Lørdag 23. mar 2013 kl. 20:00

Trondheim Jazzorkester og Marius Neset

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss
Verken TJO eller Neset er ukjende namn på Voss – dei spela her begge to i 2011 på kvar si scene, men muligens med overlappande publikum.

Berre månader seinare gjekk dei saman og framførte Marius Neset sitt tingingsverk for Moldejazz – omtalane av denne konserten overgår berre kvarandre med superlativ, og det er nesten artig å sjå korleis dei eigentleg vil ha noko utsetja, men framføringa imponerer så til dei grader!

Neset og Trondheim Jazzorkester med kunstnarisk leiar Eirik Hegdal viser at det trass relativt ung profil slett ikkje er noviser som entrar scena med både virtuositet og speleglede. ”Godt innenfor «time» og tonalitet var låtene ganske så komplekse, på en måte som helt sikkert var langt mer krevende for musikerne enn for et stadig mer entusiastisk publikum”, skreiv Terje Mosnes i Dagbladet. Ikkje dumt at dei kjem til Voss i samla trupp, med andre ord!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev