Søndag 24. mar 2013 kl. 17:00

Trio Mediæval Ensemble med Økland og Mistereggen

Vossa Jazz / Vangskyrkja
Voss
Me tek eit lite hopp tilbake til middelalderen – Trio Mediæval er av dei mest anerkjende tolkarane av engelske og franske balladar og norske folketonar.

Høgtidsstemt og fleirstemt kan vera stikkorda for denne seansen som sjølvsagt går føre seg i middelalderens høgborg på Voss, Vangskyrkja. Trioen Friman, Fuglseth og Østrem Ossum har sidan starten i 1997 gitt ut fem innspelingar på ECM Records og har vore nominerte til både Spellemannspris og Grammy Award for plata ”Folk songs” saman med Birger Mistereggen. Dei har nådd langt utover dei norske landegrensene og samarbeidar med ei rekkje musikarar. To av dei er Berit Opheim og Nils Økland. Sistnemnte tilføyer med sitt unike felespel ein ekstra dimensjon til dei utsøkte vokale prestasjonane. Dei fleste skulle vera kjende med Berit Opheim, som har sunge med trioen ved fleire høve og som sjølvsagt berre bidreg til kvaliteten og høgtidstemninga. Ikkje end opp i kø utanfor kyrkja – kjøp billett i god tid!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev