Lørdag 23. mar 2013 kl. 15:30

Tore Brunborg «`Ym»

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss
Det er vel heilt på sin plass å dra inn ein vossing til å feira Vossa Jazz sitt 40-årsjublieum!

Tore Brunborg kjem med heilt nyskrive verk med Voss som både bakteppe visuelt via vossakunstnarar, i ord skrivne av forfattar Dag Helleve og i komposisjonen i seg sjølv som har fått namnet ”`Ym”. Ym på vossamål tyder lyd langt borte frå og det er dette som er inspirasjonen; å få fram mange røyster gjennom ulike kunstartar. Meininga er å få fram at Vossa Jazz er meir enn ein rein musikkfestival, men har vorte eit omgrep på Voss som ein stor kulturhappening i palmehelga.

På bandfronten har han plukka frå øvste hylle, og me ser fram til ein ny suksess etter 2009-verket ”Scent of soil”, som også var spesialskrive for Vossa Jazz.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev