Lørdag 23. mar 2013 kl. 19:00

Tingingsverk Vossa Jazz, Stian Carstensen

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss
Sprelsk tingingsverk i anmarsj!

Det er ikkje utan eit visst forventningspress årets tingingsverkskomponist kjem til Vossa Jazz 2013: Multiinstrumentalisten Stian Carstensen har vitja fleire gongar før i ymse regiar og alltid til stormande jubel. No kjem han til udekka bord som han sjølv freistar fylla med musikalske godbitar. Han skildrar seg sjølv som meisterkokken som skal tilretteleggja eit fleirrettars musikalsk gilde med fråtsing og kraftige innhogg i det beste frå musikkhistoria. Han er, kan ein seia, tilbake til kulinariske innfall frå den spede starten då han som gutunge turnerte i Nord-Dakota saman med far og bestefar med den sjølvkomponerte låten ”If I could only get a little Lefse”. Kokken uttalar sjølv:

– Dette blir spaghettiwestern-gitar anrettet på en seng av spinettbasert polyfon fugemasse akkompagnert av harpeklang. Det hele serveres uvørent på et strykebrett av truede taktarter og smakes til med sviskekomplott.

Carstensen vaks opp og bur framleis på Eidsvoll, der han mellom anna er æresmedlem i Eidsvoll Jazzklubb. Etter endt utdanning ved Jazzlinja i Trondheim er han kanskje best kjend frå Farmers Market der han får fullt utløp for sine virtuose evner til å traktera trekkspel, fløyte og banjo og sin hugleik for balkanmusikk. Han har også gitt ut ei rekkje soloalbum og har samarbeidd med eit utal artistar som Elias Akselsen, Jimmy Rosenberg og Kaizers Orchestra, for å nemna nokre.

Denne gongen tek han også i bruk klassiske verkemiddel: –Verket blir basert på klassiske europeiske tradisjoner, her blir ikkje så mykje henta frå den amerikanske jazztradisjonen. I staden blir det strykarar, harpe og cembalo. I botnen av dette ligg dei austeuropeiske rytmane.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev