Søndag 24. mar 2013 kl. 13:00

Thomas Strønen med Slagverkensemblet

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss
Badnajazz-tingingsverket i år står supertrommis Thomas Strønen for. Han er ein av Noregs dyktigaste slagverkarar og spelar med mellom andre Food, Humcrush, Maria Kannegaard Trio, Meadow, Needlepoint og Mats Eilertsen i tillegg til fleire utgjevingar i eige namn.

Sju studentar dannar Slagverkensemblet, som har lege i hardtrening i forkant. Når dei kjem til Voss får dei med seg musikkinteresserte ungdomar, så her vert det mange folk på scena og mykje lyd! Målet har vore å gjera eit skikkeleg djupdykk i kva rytmikken i seg sjølv kan høyrast ut som.

Instrumenta dei skal spela på er laga spesielt for høvet og byr på ei klangverd utanom det vanlege. Metallobjekt, strenger, kjøkkenutstyr og møblar vert sett i musikkens teneste – her kan det koma til å gå for seg! Saman med videokunstnar Sigurd Ytre- Arne skal bandet framføra eit verk som hentar inspirasjon frå både aust og vest i samspel med saksofonguru Tore Brunborg.

Thomas Strønen -komposisjon/ slagverk
Jostein Rørmark , Johan Nordh, Tore Flatjord, Kim Andre Vian, Øystein A. Vik, Joakim H. Johansen, Steinar Mossige Mossige – slagverk
Sigurd Ytre- Arne – video

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev