Søndag 24. mar 2013 kl. 11:00

Superjazz: Trondheim Voices

/ Fraktgodsen
Voss
Det mest brukarvenlege instrumentet me har er stemma vår – Trondheim Voices er såleis virtuose instrumentalistar på høgaste nivå!

Songarane jobbar med ei rekkje forskjellige improvisatoriske utgangspunkt , både kollektivt og solistisk. Trondheim Voices ynskjer å utforska kjerna og ytterpunkta av ensemble-samspel og alle måtar stemma kan nyttast.

Trondheim Voices arbeider både med fri-improvisasjon og komponert materiale, men til sjuande og sist er det på scena musikken vert skapt. Og kva som er scena blir relativt når ein kan ta instrumentet med seg kvar som helst! Her kan alt skje! Med slikt rom for improvisasjon blir dei fort eit ensemble som jobbar med andre, noko Jon Balke, Mats Gustafsson, Marilyn Mazur, Terje Bjørklund, Eldbjørg Raknes, Elin Rosseland og Ståle Storløkken alle har hatt gleda av. Kunstneriske leiarar i 2013 er Siri Gjære og Live Maria Roggen, som mange har fått med seg på Vossa Jazz i andre samanhengar.

Denne konserten er tilrettelagt for menneske med utviklingshemmingar.

Verkstad kl 11:00 – 13:00, konsert kl 14:00.

Vokalistar: Tone Åse, Heidi Skjerve, Ingrid Lode, Siri Gjære, KirstiHuke, Sissel Vera Pettersen, Live Maria Roggen, Anita Kaasbøll, Torunn Sævik, Silje Karlsen og Ann-Cathrin Hertling

www.trondheimvoices.no

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev