Lørdag 23. mar 2013 kl. 21:00

Storm Weather Shanty Choir

Vossa Jazz / Park
Voss
Det er mangt ein ikkje skulle tru kunne bli kommersiell suksess – seks karar som syng sjømannsviser av full hals høyrest ut som noko slikt. La deg overhovudet ikkje lura – rockekoret frå Stord fyller tretten år i år og får eit stadig større publikum i inn- og utland.

Status i 2013 er fire kritikarroste plater, over 300 konsertar og stor respekt både i rocke- og folkemusikkmiljø. Du fekk kanskje med deg avisoverskriftene då dei låg over Rihanna på hitlistene på tampen av sist år? Mykje av grunnen er nok ryktet om deira fabelaktige liveopptredenar om det er på Statsraad Lehmkuhl eller på Hulen i Bergen. ”Det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik” skreiv mellom anna Bergens Tidende sin Einar Engelstad. Tru det du høyrer og kom deg på shantykonsert!

Håkon Vatle
Roald Kaldestad
Rune Nesse
Vidar Vedå
Gisle Østrem
Ronny Sætre

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev