Søndag 24. mar 2013 kl. 13:00

Sinikka Langeland Ensemble

Vossa Jazz / Osasalen
Voss
Sinikka Langeland kjem til Voss med sitt Starflowers-prosjekt kor hennar musikk til poesi møter nokre av nordens fremste jazzmusikarar.

Samarbeidet med Anders Jormin går tilbake i tid, mens Trygve Seim og Markku Ounaskari blei henta inn til bandets første kritikarroste innspeling på ECM, » Starflowers», i 2007. «Kantelen lyder nesten som et helt orkester i seg selv», skreiv ein journalist etter en konsert og det var dette finske instrumentet, saman med Sinikkas vilje til å utfordre det tradisjonelle, som låg til grunn for ECM-sjef Manfred Eichers ynskje om eit samarbeid.

Sinikka Langeland si unike stemme i kombinasjon med den nydelege kantele-klangen er i seg sjølv god nok grunn til å ta turen. At ho har eit mildt sagt kompetent ensemble med seg gjer det berre endå mindre freistande å gå glipp av.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev