Lørdag 23. mar 2013 kl. 23:59

Real Ones

Vossa Jazz / Park
Voss
I snart to tiår har Real Ones imponert publikum såvel som kritikarar med sine strålande live-framføringar og knallgode plater.

Dei etterlet seg ein straum av nøgde fans frå Svalbard til Yukon til Shanghai til Calcutta til Brüssel til New York – og heldigvis – til Voss! Dei har rukke å gitt ut sju kritikarroste album – og i 2013 kjem det åttande. Karane er meir produktive enn nokosinne – det kan me lika! Dagbladet meinar dei er landets beste live-band, Aftenposten seier dei redda sommaren med plata ”All for the neighbourhood”, som dei også vann Spellemannsprisen for – lista over godord er lang! Sidan starten i 1997 har barndomsvenene utvikla seg til å bli eit av Noregs mest særeigne band i krysningspunktet mellom folk, pop, rock og med klare referansar til verdensmusikk og elektronika. Perfekt for Vossa Jazz – perfekt for deg!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev