Søndag 24. mar 2013 kl. 14:30

Kristin Skaare «Er»

Vossa Jazz / Voss kulturhus
Voss
Pianist og komponist Skaare har med seg eit heilt hinsides backingband når ho tek konseptet ”ER” med seg til Voss.

Prosjektet har utgangspunkt i det fargerike musikalske landskapet i og rundt komponisten sjølv, ein stilsikker kunstnar som lett og ledig bevegar seg innan ulike musikalske sjangrar.

Skaare har i lengre tid fordjupa seg i kontemplativ musikk – “musikk med stillheit” og dette prosjektet er ein naturleg oppfølgjar til prosjektet og albumet “VAR”, som fekk panegyriske kritikkar då det kom ut i 2008 . Ho har spelt på platene til artistar som Kari Bremnes, Ola Bremnes, Anne Grete Preus og Jonas Fjeld, for å nemna nokre få, men her får me ho altså på eigne premissar. Her er det rom for ettertanke og sjelefred oppi den kraftfulle, vitale framsyninga me har å sjå fram til.

Kristin Skaare – flygel, div.instrument
Erland Dalen – perkusjon
Sondre Meisfjord – kontrabass
Geir Sundstøl – gitarar
Ole Henrik Moe – strykeinstrument
Kari Rønnekleiv – strykeinstrument
Åsne Valland Nordli -vokal
Einar Ytrelid -lyd/visuell design

www.kristinskaare.no

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev