Fredag 09. okt 2015 kl. 22:00

Kirsti Huke, Ola Kvernberg & Erik Nylander

Jølster Jazzklubb / Fjøsen
Jølster

Tre kritikarroste musikarar – tidlegare kvar for seg, men no saman: Kirsti Huke, Ola Kvernberg og Erik Nylander besøkjer Jølster på sin platesleppturné!

Under årets Jazz på Jølst får vi høyre ein trio som i oktober slepper si første plate saman, nemleg Kirsti Huke, Ola Kvernberg og Erik Nylander. Desse tre kritikarroste musikarane løftar fram kjende og ikkje fullt så kjende låtar frå artistar som Nick Cave, ABBA, Beach Boys og Nina Simone. Dei er alle virtuosar på sine instrument, og stor respekt for låtane har gjort at trioen gjennom kreativ bruk av instrumenta og særeigne arrangement fokuserer på å formidle det dei oppfattar som sjølve essensen i musikken.

Kirsti Huke – vokal
Ola Kvernberg – fiolin
Erik Nylander – bass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev