Søndag 25. mar 2018 kl. 20:30

Ingebjørg Bratland

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Me tjuvstartar jolakalenderen i år: Ingebjørg Bratland kjem til Vossa Jazz 2018!

Ingebjørg Bratland er ein av våre fremste og mest folkekjære songarar, uansett sjanger. Det er noko med den særeigne «vinjeknekken» i den klåre, sterke stemma hennar, og den fine balansen mellom folkemusikk, pop og visesong som me berre ikkje kan få nok av.

Ho har gjeve ut ei rekke flotte plater, og har vunne Spellemannsprisar både for «Jul i svingen» og «Heimafrå» saman med Odd Nordstoga. I haust kom det tredje soloalbumet hennar, til flotte omtaler i pressa. Eivind Stuen i Aftenposten meiner at Bratland no verkeleg har funne si eiga stemme: «Det er blitt en god balanse mellom det svevende romantiske og det nære konkrete. Naturkrefter og tung symbolikk møter hverdagens små og store dilemmaer på en måte som får små dramaer til å virke store og viktige.»

Ingebjørg Bratland – gitar, vokal
Chris Holm – bass
Stig Værnes – trommer
Sjur Husom Vonen – gitar
Nicolay Tangen Svennæs – tangentar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev