Lørdag 23. mar 2013 kl. 13:00

IKI

Vossa Jazz / Osasalen
Voss
Ein improviserande sirkel av åtte kvinnelege vokalistar frå Danmark, Norge, Finland og Island vart danna på grunnlag av ein felles kjærleik til intuisjon og kreativt skapande musikk.

Når IKI entrar scena er alt fullstendig improvisert, der og då lagar dei ny musikk som ingen har høyrt før, og som ingen heller kjem til å høyra igjen! Kvar konsert er forma av kvar dei er og kva stemning som rår der og då. Det kan bli spennande å sjå kva Voss får fram i dei gudebenåda vokalistane! Dei vann Danish Music Award for beste jazzvokal med debutplata ”IKI” frå 2011 og har spelt på diverse festivalar rundtom i verda etter det.

“Nordisk vokal sensasjon, vokal improvisasjon, ulikt noko du nokonsinne har høyrt før”, skreiv Dagsavisen I den grad du ikkje kan venta deg noko, så kan du likevel sjå fram til ei grensesprengande oppleving med hopp frå moderne jazz til folkemusikk til avantgarde til pop – expect the unexpected!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev