Lørdag 23. mar 2013 kl. 21:00

Hot Club de Norvége

Vossa Jazz / Park
Voss
La det swinga! Få band i Noreg har hatt større suksess med sin Django-hyllande musikk enn hotte Hot Club de Norvège.

Dei har vore kontinuerleg på vegen over heile verda sidan oppstarten i 1979 og har spelt med storheiter som Stéphane Grappelli, Jimmy Rosenberg og Nigel Kennedy. Suksessferda blir skildra gjennom NRK-dokumentaren Jon & Jimmy samt feira med ny plate og turne med Rikskonsertane, ”Django i 100”. Prisar har dei vunne over ein låg hæl og samarbeidet med Lillebjørn Nilsen og ”Tanta til Beate” blei endåtil eige program i NRK-serien ”Landeplage”. Få har gjort meir for å få fram Django Reinhardt sin unike musikkstil. Hot Club de Norvège live gir ei heilt eiga stemning, og repertoaret spenner frå utadvendt swing til inderlege balladar. La deg riva med – du kjem ikkje til å vera den einaste!

Jon Larsen – gitar
Finn Hauge – munnspel og fiolin
Per Frydenlund – gitar
Svein Aarbostad – bass

www.hotclub.no

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev