Søndag 24. mar 2013 kl. 19:00

Cristina Branco

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss
Fado! For dei innvigde vekkjer dette eit spekter av kjensler, for dei som ikkje veit kva det er så tenk deg ein varm kveld i Lisboa med lidenskapelege songerinner med tilsynelatande all verdas sorger og tapt kjærleik på sine skuldrar som framfører livsvisdommen sin til smektande rytmar, gneistrande gitarspel og raud, raud vin.

Cristina Branco er ein av Portugal sine fremste fado-tolkarar med ei rekkje kritikarroste album bak seg. Tankane går kanskje til Edith Piaf, eller til Spania, eller til ein argentinsk tango – fadoen har i seg litt av alt dette og meir til. Branco står med rak rygg og nydeleg stemme og inviterer deg med til sydlege strok og dei før nemnte varme kveldane i Lisboa.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev