Lørdag 23. mar 2013 kl. 16:00

BWM

Vossa Jazz / Osasalen
Voss
Bak denne forkortinga finn me herrane Klaus Blomvik, Roger Williamsen og Bernt Moen. BWM Trio er bygd opp som eit klassisk pianotrio, men på eit slags unorsk vis.

Dei tre musikarane ynskjer å utfordra seg sjølve og publikum med musikalsk energi og framdrift. Inspirasjonen frå den amerikanske jazztradisjonen er tydeleg i både komposisjonar og utforskande improvisasjonar. Etter ti års pause med ymse prosjekt kvar for seg, så feira BWM seg sjølv i 2012 med utgjevinga ”Jazz….Øh!”, som hausta strålande kritikkar. ”De er solid samkjørte og svinger rått”, uttalte NRK. ”Med dette albumet har BWM Trio verkeleg sett ein standard å byggje vidare på”, stod det å lesa i Dagsavisen. ”Plata er rett og slett blitt en av årets store overraskelser, her hjemme som internasjonalt,” konstaterte Jazznytt. Ikkje dårlege vitnemål å ha i kofferten!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev