Søndag 25. mar 2018 kl. 15:00

1982

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

1982 er ei gåvepakke til alle som er glade i og kjenslevare for subtile nyansar, avstemde teksturar og vakre stemningar i jazz- og folkemusikk. Trioen byrja sitt samspel for ti år sidan, og har sidan då gjeve ut fleire fantastiske album på Hubro, ofte med gjesteartistar.

Med albumet «Chromola» (2017), som er spelt inn i Sandviken kirke i Bergen, gjekk dei tilbake triokjernen. Resultatet er like vidunderleg som det er umogeleg å omsetje til ord. Eit kontemplativt djupdykk i klang og tone. Årvaken, avstemd og meditativ improvisasjon med smak av djupe skogar, åpne vidder og famlande fjordarmar. Det høyrest kanskje introvert og utligjengeleg ut, men det vert absolutt ikkje opplevd slik.«Chromola» er i høgste grad eit ope, varmt og inkluderande album.

Eit samla pressekorps gjekk av hengslene i sine omtalar av albumet. Dette skreiv Petter Lønningen i BT: «Chromola» er som å få en stor, varm og forsiktig klem når du er på ditt mest sårbare og hudløse. Dette er jazz som tar deg forsiktig i hånden og leder deg varsomt ut i en verden av lys.»

Nils Økland – hardingfele, fiolin
Sigbjørn Apeland – kyrkjeorgel‚ trøorgel
Øyvind Skarbø – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev