Lørdag 23. mar 2024 kl. 15:00

William Parker Trio

Vossa Jazz / Park
Voss

William Parker Trio “hentar like mykje frå hardrock og psykedelia, som frå blues- og jazztradisjonen”, ifølge All About Jazz. Dei skildrar trioen sitt album “Mayan Space Station” med eitt ord: Svidd.

Sjølv skildrar trioen albumet som “ei lei for fred og inspirasjon. Ein oase kor folk som er på jakt etter lyd og stille kan ta ei rast i bakken, og næra fantasiane sine”. Med William Parker på kontrabass, Ava Mendoza på gitar og Gerald Cleaver på trommer, kan me lova ei uventa musikalsk krønike, og ikkje minst noko å bryna seg på for den kresne lyttar.

William Parker har vorte kalla “den mest bestandig brilliante frijazzbassisten nokosinne” av avisa The Village Voice, tidsskriftet Downbeat skildrar han som “ein av dei mest eventyrlystne og profilerte bandleiarane i jazz”, og Time Out New York har nemnt han som ein av dei “50 største New York-musikarane nokosinne”. Sidan 70-talet har Parker spelt inn over 150 album, og turnert verda rundt. Desse åra har han vore ein verdfull figur på musikkscena i New York og Europa, og me ser fram til å sjå trioen entra scena – denne gongen på Vossa Jazz!

Medverkande:

William Parker – kontrabass
Ava Mendoza – gitar
Gerlad Cleaver – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev