Lørdag 23. mar 2024 kl. 18:00

Tingingsverket – Hanna Paulsberg «Do you want my job?»

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

I årets Tingingsverk “Do you want my job?” vil Hanna Paulsberg mana fram ein fiktiv cowboy, og spela fram musikken som følger han.

Verket er inspirert av Paulsberg sitt fyrste musikalske “kick”. Det var då far hennar sette på musikk av Little Village, eit band som spelar “Roots rock” – rockemusikk inspirert av folkemusikk, blues og country – at det heile fall på plass for seks år gamle Hanna. “Jeg kan fortsatt fornemme den eksplosjonen jeg kjente i kroppen fordi det låt så utrolig kult. Jeg har lenge hatt en drøm om å lage musikk som kan funke på saksofon, inspirert av det uttrykket.” fortel Paulsberg. Då ho vart invitert av Vossa Jazz til å levera årets Tingingsverk, var det nett det ho sette i gang med. No gler me oss til å høyra hennar barndoms cowboy ta form i saksofonen.

Paulsberg er ein spanande komponist og musikar, med ei rå styrke og eit forfriskande intitiativ. Ho har motteke ei rekke prisar, og vann mellom anna Spellemannprisen i kategorien jazz i 2021, for albumet “Velkommen håp” med bandet Flukten. Ved sidan av sitt eige prosjekt, Hanna Paulsberg Concept, er ho òg initiativtakar for trioen GURLS. Tidlegare har ho mellom anna spelt saman med Trondheim Jazzorkester, Chick Corea, Bugge Wesseltoft, Karin Krog og Marilyn Mazur.

Med seg til Voss har ho gitarist Viktor Wilhelmsen, som arbeider i spennet mellom nordsamisk joik, ørkenblues og jazz. Bak trommene sit Erik Nylander, som har spelt i ei rekke band i Noreg og Norden, og på bass har ho med seg Dan Peter Sundland, som med sin ekspressive og varierte spelestil blandar den elektriske bassen sine moglegheiter med tonar og kvalitetar inspirert av akustisk bass. Me kan ikkje anna enn å gle oss til å høyra cowboyen frå Paulsbergs barndom finna form i desse instrumenta, under årets Tingingsverk på Vossa Jazz.

Medverkande:

Hanna Paulsberg – saksofon
Viktor Wilhelmsen – gitar
Dan Peter Sundland – bass
Erik Nylander – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev