Lørdag 23. mar 2024 kl. 12:00

Superjazz: SuperLydvo med Supergruppo

Vossa Jazz / Scandic Voss
Voss

Improvisasjon, dans og kanskje besøk av sjølvaste Elvis? Dette er berre toppen av det musikalske isfjellet som Supergruppo og SuperLYDvo byr på under årets Superjazz!

Det vert ein variert konsert, med jazz, blues, funk og soul, og sjølvsagt med tekstar “pao vossamaol”. Du kan gleda deg til Charlie Parker sin klassikar “Now’s the Time” i ny drakt som “Me digga Vossa Jazz!”, og andre slagarar!

Supergruppo er røynde festivalmusikarar, og har vore eit fast innslag på festivalen sidan 2010. Øystein Lydvo har også spelt på Vossa Jazz fleire gongar, mellom anna som bassist for Good Time Charlie og Hot Little Mama. Til vanleg arbeider han som musikkterapeut i Bergen, og i 2022 vart han tildelt Årets Musikkterapris. Med seg har han ein gjeng dyktige musikarar og musikkterapeutar, så her er det berre å gle seg!

Medverkande:

Suppergruppo – vokal, rytmeinstrument, innleving og mykje meir!

Øystein Lydvo – bass og vokal
Roar Finsås – kassegitar og vokal
Lasse Tuastad – el.gitar og vokal
Arne Hydle – trommer
Axel Ø. Røed – saksofon
Sjur Hjeltnes – piano

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev