Fredag 22. mar 2024 kl. 21:30

Sigbjørn Apeland -solo

Vossa Jazz / Vangskyrkja
Voss

Med orgel og trøorgel spelar Sigbjørn Apeland seg inn i grenselandet mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk. Det er så vakkert at det er til å gråta av, når dei vare tonane pakkar oss inn, og snik seg inn til det inste.

“Her har eg spelt så mange gonger med stor glede.”, seier Apeland om Vangskyrkja. “Når eg kjem inn i Vangskyrkja vert eg minna om all den fine musikken som har vore framført der: Den tradisjonelle kyrkjemusikken og salmesongen, folkemusikken, og den musikalske rikdomen Vossajazz har presentert. Det er difor ei stor ære å få tilføra nye lydar i dette tradisjonsrike og vakre rommet.”

Apeland har lang fartstid i musikken si verd, både som utøvande musikar og i akademia. Han har hatt musikalske samarbeid med mellom andre Nils Økland, Reidun Horvei, Knut Hamre og Berit Opheim. Han har doktorgrad i kyrkjemusikk frå Griegakademiet, studerte utøvande kyrkjemusikk ved Rogaland Musikkonservatorium, er fyrsteamanuensis ved UiB, har tilknyting til folkemusikkarkivet Arne Bjørndals samling, og vart tildelt Vossajazzprisen i 2014. Ein kan trygt seia at det er ein bauta innan sjangeren som vitjar Vangskyrkja på ny.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev