Lørdag 23. mar 2024 kl. 23:00

Shamania

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Blandar du jazz-orkester og musikkteater med nokre av dei sterkaste musikarane i Skandinavia, ja, då får du Marylin Mazur’s Shamania. Med mellom anna “nail violin” frå 1700-talet, kjeramikktromma Udu, norsk bukkehorn, bongo- og congatrommer, og gongongar frå heile verda, skapar Shamania eit heilt særeige lydbilete. Mazur nyttar komplekse trommestykke, stemningssekvensar og harmoniar i komposisjonane sine. Saman skapar ho, og resten av det organiske og viltveksande kvinnekollektivet i Shamania, engasjerande utbrot av kraft og røyrsle.

Deira fyrste album, “Shamania”, vart gjeve ut i 2019. Albumet vart kåra til “album of the month” i Downbeat Magazine, og fekk den velrenommerte “Jahrespreis der deutschen Schallplattenkritik” i Tyskland. I 2022 kom deira andre album, “Rerooting”, med nesten utelukkande nykomponerte songar av Mazur.

Marylin Mazur har samarbeidd med nokre av dei største namna i jazz: Miles Davis, Gil Evans, Wayne Shorter og Jan Garbarek. Primi Band, som Mazur leia frå 1978 til 1986, gjorde så sterkt inntrykk at Copenhagen Jazz Festival ynskte å samla gruppa igjen heile fire tiår seinare. Det lot seg ikkje gjera, men den sterke sjela til bandet har fått frie taumar i eit nytt prosjekt: Shamania.

Medverkande:

Marilyn Mazur – trommer, komposisjon
Josefine Cronholm – vokal
Sissel Vera Pettersen – vokal, altsaksofon
Lotte Anker – saksofon
Hildegunn Øiseth – trompet, bukkehorn
Lis Wessberg – trombone
Makiko Hirabayashi – piano, keyboard
Ida Gormsen – bass
Lisbeth Diers – congatrommer, trommer
Andreas Wigger – trommeteknikk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev