Fredag 22. mar 2024 kl. 23:59

Resjemheia

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Resjemheia er skildra som “eit musikalsk overgangsparti, frå bluesbyens rike til folkemusikkens kongedømme – ein highway frå elgitar til hardingfele” av Folkemusikk.no.

Trioen, som har namnet sitt frå eit fjellparti mellom Notodden og Bø, spelar ei blanding av originalkomponert musikk, og slåttar frå Telemark, Vest-Afrika og Mississippi. Sidan 2010 har dei gjeve ut fire album, og turnert i både Noreg og Europa. Det første albumet deira, “Mattis Kleppen & Resjemheia” frå 2014, vart nominert i open klasse til Folkelarmprisen, og det siste albumet deira, livealbumet “Live in Rudolstadt,” kom i mars 2023.

I følgje salt peanuts* har dei tre musikarane “ein fot kvar i den norske folkemusikken, ei stortå eller to i bluesen og resten i den drivande rocken”.

Medverkande:

Ottar Kåsa – hardingfele
Kenneth Kapstad – trommer
Mattis Kleppen – Bassgitar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev