Fredag 22. mar 2024 kl. 18:00

Øyunn – Aspects

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Øyunn opnar Vossa Jazz med eit kjensleladd brak. Framsyninga “Aspects” blandar konsert med filmvisning, song med rap, og monolog med dialog. Med rolege instrumentalparti, indre dialogar og eksplosive vokalparti, losar Øyunn deg gjennom i ei framsyning full av kjensler og kraft.

“Aspects” handlar om maktdynamikk i relasjonar, usikkerheit, om å stå på eigne bein, og om å forhalda seg til verda ein har rundt seg. Øyunn spelar karakteren Rosa, som fortel historia med film, musikk og songtekstar. Verket vart laga til Ultimafestivalen i Oslo i 2022, og opningsfilmen vart valt ut til Kortfilmfestivalen i Norge og Oslo Pix. Det danske musikkmagasinet GAFFA samanliknar “Aspects” med tidlege Björk-verk, og deira aggressive, men melodiske kaos.

Siv Øyunn Kjenstad er kjend som ein dreven trommeslagar, men arbeider òg med song og rap. I 2021 komponerte ho musikken til “Tour de Chambre” ved det Kongelige Teater i København, i tillegg til å vera skodespelar i forestillinga. Øuynn har samarbeidd med mellom anna Efterklang, Bugge Wesseltoft og Troels Abrahamsen.

Medverkande:

Øyunn – Trommer, vokal, rap
Simon Littauer – Modular, processering
Jens Mikkel Madsen – Bass og kor
Jakob Eri Myhre – Trompet og elektronik
August Korsgaard – Piano, synth, kor
Aske Bode – Lyddesign og prossesering
TBA – Lysdesign

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev