Fredag 22. mar 2024 kl. 23:00

Marius Neset Quintet

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

“Han er ikkje framtida av europeisk jazz, han er notida” – Downbeat.

Det kjende og føreseielege skal utfordrast når Marius Neset kjem til Vossa Jazz med sin nye handplukka kvintett! Kjenneteikna av eventyrlyst, uventa rytmar og brå taktvendingar, pendlar dei frå lyriske balladar til rytmiske eksplosjonar – alt framført med kvass teknisk nøysemd og presisjon.

Neset gjorde eit sterkt inntrykk då han først kom inn på den europeiske jazzscena for to tiår sidan, og har ikkje lege på latsida sidan den gong. Han har skrive heile tre orkesterverk for London Sinfonietta, mellom anna Geyser, som fekk si urframføring i Royal Albert Hall i 2022. I tillegg har han skrive verk for Bergen Filharmoniske, Bergen Big Band, DR Big Band, Trondheim Jazz Orchestra, KORK og Leif Ove Andsnes, for å nemna nokre. På toppen av det heile har han teke i mot to Spellemannprisar – så langt.

Dei fire som ved sidan av Neset utgjer den turnerande kvintetten, er Magnus Hjort, på flygel, som har gjeve ut tre trioalbum, samarbeidd med Chris Potter, og turnert med Snorre Kirk. Elliot Galvin, på keyboard, har gjeve ut fire trioplater, og fekk soloalbumet sitt kåra til månadens album i The Guardian i 2020. James Maddren, på slagverk, og sist, men ikkje minst kjem Phil Donkin på bass. Verkeleg ikkje ein gjeng å gå glipp av!

Medverkande:

Marius Neset – saksofon
Magnus Hjorth – flygel
Elliot Galvin – keyboards
Phil Donkin – elbass
James Maddren – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev