Søndag 24. mar 2024 kl. 14:00

Maridalen

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

“… mest vellydende som er sluppet innen jazz i Norge” – Jazznytt

Ut av den varme klangen av kontrabass, saksofon og trompet, dyrkar Maridalen lyden av det akustiske. Trioen hentar namnet sitt frå det naturskjønne dalføret like nord for Oslo sentrum, og musikken dei spelar ser ut til å likna landskapet sjølv. Dei levande tonane snor seg søkande avgarde – som den sprokne asfalten, og dei mange stiane, som snirklar seg innover dalen.

Maridalen utforskar korleis instrument med enkeltstemmer kan utfylla og komplimentera kvarandre – utan dei klangane som akkordinstrument kan skapa med fleire tonar åleine. Resultatet er Maridalen sitt minimalistiske, jordnære og lettbeinte uttrykk.

Den kritikarrosa trioen – med Anders Hefre på saksofon og klarinett, Jonas Kilmork Vemøy på trompet, og Andreas Rødland Haga på kontrabass – har hausta eit utal flotte omtalar. Aftenposten plasserte debutalbumet “Maridalen” på lista over “Årets beste norske”, og engelske MOJO Magazine gav den plass på “Jazz Albums of The Year”. Ifølgje All About Jazz er dei med sitt siste album framleis på rett spor: “… med oppfølgjaren Bortenfor, har dei den ultra-kule frekkheita til å overgå seg sjølv.”

Medverkande:

Anders Hefre – saksofon og klarinett
Jonas Kilmork Vemøy – trompet
Andreas Rødland Haga – kontrabass
Erland Dahlen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev