Søndag 24. mar 2024 kl. 09:00

Litteraturfrukost med Kjartan Fløgstad og Ole Morten Vågan

Vossa Jazz / Stationen/ Voss Jazzklubb
Voss

Start dagen med ein litterær frukost på Café Stationen saman med Kjartan Fløgstad, tonesett av den eminente Ole Morten Vågan. Det vert ein enkel frukostbuffet, som supplement til den andelege føda.

Sidan han debuterte som forfattar i 1968, har Kjartan Fløgstad gjeve ut meir enn femti bøker. Bøkene hans – av nærast alle sjangrar – har ved fleire høve vorte omsett til andre språk, og har sjølvsagt vorte prislønna gong etter gong.

Ole Morten Vågan vart fyrst kjend via ensemblet MOTIF, og er ein av dei mest brukte kontrabassistane i landet. Han har vore særs aktiv i jazzmiljøet, både som musikar, komponist, bandleiar, og som kunstnarisk leiar for Trondheim Jazzorkester.

På grunn av matserveringa må alle med festival- eller dagspass kjøpa separat plassbillett til dette arrangementet.

Medverkande:

Kjartan Fløgstad – tekstar
Ole Morten Vågan – kontrabass

Dette arrangementet inkluderer både samtale og frukost. På grunn av matservering må alle ha anten enkeltbillett eller pass med plassbillett.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev